Mennene

Johan P. Aakre

1887 - 1976

Petter Aakre

1908 - 1985

Harald Aakre

1934 - 2007

Minneord Johan P. Aakre

 

Så er fiskarhovdingen og pioneren frå Haramsøy og Nordøyane, Johan P. Aakre, borte. Han vart 88 1/2 år gammal.

 

Gjennom eit langt liv og med vaken sans for det nye heilt til det siste bygde han gradvis opp ei aktiv fiskebåtverksemd som er mellom dei fremste i landet. Snurpebåtane "Fisk" og "Bømmelfjord" er kjende namn i alle fiskerikrinsar.

 

Johan P. Aakre er først og fremst knytt til ei anna tid enn vår, til ei tid som skifte frå den reine gullalder i første verdskrig, til den svartaste depresjon rundt 1930. Men som den driftige fiskeskipperen han var, greide han seg gjennom desse økonomiske stormkasta som få.

 

Og som organisasjonsmann vart han sidan aktiv med og staka kursen ut for mange andre innan norsk fiskerinæring. Særleg gjeld dette gjennom tillitsomboda i Islandssildfiskernes Forening og som medlem i representantskapet i Noregs Sildesalslag. Som styreformann i Haram Sparebank var han dessutan ei effektiv vektstong i finansieringa i næringslivet i Haram-bygdene i mange år.

 

Johan P. Aakre var fødd på Åkregarden på Haramsøy. Her voks han opp i lag med ein annan pioner innan sunnmørsk fiskedrift, Johan Remmen, som fall frå i fjor. Saman drøymde desse to ungdomane om å få sine eigne skuter i vaksen alder, ein draum som i sanning gjekk i oppfylling.

 

Men først vart det torskefiske som "halvluting" for Johan med nøringsbåten "Gange-Rolv" frå Åkre i 1903. Dette var ein seglbåt utan motor. Så vart det dekksbåten "Tor", også frå Åkre, og sidan på sluppen "Håkon", frå same stad. Det var linefiske om sommaren og garnfiske etter torsk om vinteren.

 

Nokre år seinare dreiv han for eit firma Nærøy i Namdalen, der han fann kona. Men alt før første verdskrig flytte han attende til Haramsøy og rudde seg gar og bygde hus på Eirikgarden sin utmarksteig i Åkremarka. I denne tida kom han om bord i dampskipa som fiska ved Island, først med "Barden" av Ellingsøy og sidan med "Namdal" frå Ålesund og Oscar Larsens "Hildur".

 

Men først og fremst er Johan Aakre sitt namn knytt til gamle "Giskøy"! Utan tvil er dette ein hovedgrunn til suksessen etter som alle var rutinerte og kjende sin jobb til minste detalj.

 

I 1946 kjøpte Johan Aakre steambåten "Fisk". Sidan vart det "Bømmelfjord". "Gamle Fisk" vart utskift i1960-åra og større båt kosta, den noverande "Fisk". No er det sønene og sønesønene som driv.

 

Johan P. Aakre var ein vital mann med eit sprudlande humør og med friske replikkar. Han var ein driftig og myndig mann i all si ferd, som andre lytta til når han tala. Han åtte eit framsyn som få innan fiskeria, ei sann pionérånd som var djupt forankra i sunnmørsk lynne og miljø.

 

For denne sin pionérinnsats fekk Johan P. Aakre Haram kultur-historiske lag sitt heidersdiplom i 1975, som æresbesvis for å ha bygt opp ei verksemd som lever, jamvel om pionéren sjølv no er død.For denne sin pionérinnsats fekk Johan P. Aakre Haram kultur-istoriske lag sitt heidersdiplom i 1975, som æresbesvis for å ha bygt opp ei verksemd som lever, jamvel om pionéren sjølv no er død.

 

 

Minneord Petter J. Aakre

 

Petter J. Aakre, ein velkjend og velrøyd fiskar, skipper og reiar på Sunnmøre, og elles langs norskekysten, er død, 77 år gamal. Døden kom heller brått, å sjå til var han frisk og kjekk like til det siste.

 

Han tok til på sjøen alt i ung alder, slik som dei fleste ungdomar på Nordøyane i den tid. Han var saman med far sin om dei første fiskebåtane, seinare kom broren, Elias, med. I mange år hadde dei båtane "Fisk" og "Bømmelfjord" i lag. Før den tid heitte båtane deire "Fisk" og "Mørefisk".

 

Det var først og fremst somsildemann Petter J. Aakre gjorde seg mest kjend mellom fiskarane. Der var han spesialisten framfor nokon andre. Det var derfor naturleg at han først i 60-åra vart ekspedisjonsleiar for ein stor ekspedisjon fra Haugesund til Island. Som 60-åring fann du han som fiskerileiar om bord i det flytande kvalkokeriet "Kosmos IV" til Bjørnøya, der det vart drive sildesalting i stor stil.

 

Dei siste åra av sitt aktive fiskarliv hadde han hand om "Fisk", medan broren tok seg av "Bømmelfjord". Sonen, Harald, vart skipper på "Fisk". Og det var nok å henge fingrane i for Petter som reiar, så komplisert og mangfaldig som arbeidet med fiskebåtar etter kvert vart, Han styrde med stø hand både på land og sjø. Av natur var etter J. Aakre heller tilbakehalden men gjorde seg opp sjølvstendige og kloke meiningar både om praktisk fiske og fiskeripolitikken. Han sa alltid frå når han såg det barst galt av stad. Og som oftast fekk han rett. Det vog alltid tungt det Petter J. Aakre hadde å fare med, velrøynd som han var gjennom eit langt og aktivt fiskarliv.

 

Han var med i representantskapet i Noregs Sildesalslag i nokre år, men elles såg han seg ikkje syn med å vere aktivt med i organisasjonsarbeid. Han hadde meir enn nok å gjere om bord i fiskebåtane. Og i praktisk fiske sette han djupe merke etter seg. Personleg var Petter J. Aakre ein svært lun og omgjengeleg kar, som det var lærerikt og gjevande å prate med. Han hadde alltid eit sjeldant godt humør, du høyrde han nesten aldri syte og klage om tilburden ikkje alltid var så god. Han var skapande og positiv, i all sin ferd, og slik vil hans store veneskare alltid hugse han.

 

 

Minneord Harald Aakre

 

Tidligere skipper og fiskebåtreder Harald P. Aakre, Ålesund, er død, 73 år gammel.

 

Harald var født og vokste opp på Haramsøya sammen med foreldre og fem søsken. Like etter at han var konfirmert etablerte Aakrefamilien sitt fiskebåtrederi og kjøpte den første D/S "Fisk". Det var likevel på den gamle treskuta "Møre", der faren Petter J. Aakre, hadde vært skipper og medeier, at Harald fikk sine første turer på sjøen. Seinere kom han om bord i "Fisk".

 

Etter skippereksamen ved Fiskarfagskolen på Aukre, gikk Harald gradene i yrket og ble skipper.

 

I 1964 bled den siste "Fisk" kjøpt, en hvalbåt som ble ombygd til snurper. Harald kom da med som partsreder. Noe seinere ble han båtens mangeårige fører. Han hadde da solid erfaring som skipper fra familiens andre båter "Mørefisk" og "Bømmelfjord".

 

I 1967 flyttet Harald og familien til Ålesund i et nyinnkjøpt hus på Åse. Da faren trakk seg ut av rederiet, overtok Harald og broren Johan selskapet. Harald hadde da skaffet seg merkantil utdannelse, og ble selskapets daglige leder. Sammen drev Harald og Johan Aakre ringnotfiske på helårsbasis med M/S "Fisk" i mange år.

 

Harald var en høgt respektert mann og hadde blant annet tillitsverv i Aalesunds Rederiforening og Norges Sildesalgslag. Han var i mange år medlem av Ålesund havnestyre og Aalesunds Skipperforening, der han også i en periode var formann.

 

Vi som samarbeidet med Harald i ledelsen av rederiet, kan se tilbake på mange gode minner. Han var ansvarsbevisst og hadde en sunn dømmekraft. Når utfordringene oppstod og skulle finne sin løsning, ville han at sakene både var vel gjennomtenkte, og at beslutningene var tuftet på rettferdighet.

 

Sin ro og sindighet viste han blant annet da "Fisk" ble rasert av brann langt til havs i begynnelsen av 1990-tallet. Brann i båt til havs er noe av det verste man kan oppleve, men takket være Haralds ypperlige vurderingsevne og godt sjømannskap kom mannskapet fra den dramatiske hendelsen i god behold.

 

Etter at han sluttet som aktiv skipper, kjøpte Harald et velegnet fritidshus på idylliske Husøya ved Tønsberg. Etter hvert ble der både ny mptprbåt og ny brygge. Her tilbragte han og Anny sommermånedene med besøk av familie og nære venner.

 

For noen år tilbake ble Harald rammet av alvorlig sykdom og sviktende helse. Dette medførte betydelige påkjenninger, men han beholdt sin gode psyke, og bar sin skjebne på en beundringsverdig måte helet til det siste.

 

Takket være god omsorg av den nærmeste familie, og særs plikttro og dyktig hjelp av Hjemmesjukepleien i Ålesund sentrum der han hadde boligadressen sin i de seinere år, kunne han avslutte sitt liv i hjemlige omgivelser.

 

 

 

Med Harald Aakre sin bortgang har en kjent og avholdt yrkesutøver i fiskerinæringen fullendt sin livsseilas. Våre tanker og medfølelse går til familien.

 

Fred over Harald Aakre sitt minne!

 

(Sunnmørsposten 5. juni 2007)

 

Nettverksbyrået © Jan Strøm 2002 - 2016